Onsdag 22. mai er alle tilsette på Sunnfjord bibliotek samla for å planlegge aktivitetar og tenester for det komande halvåret. Det vil seie at både Førde, Sande og Viksdalen, som vanlegvis er betjent på onsdagar, er stengt denne dagen. Dei som har lånekort med meirope kan likevel logge seg inn både i Førde og på Sande. Naustdal har også tilgang for dei med meiropekontrakt.
Har de spørsmål, send e-post til bibliotek@sunnfjord.kommune.no, så skal vi svare så raskt vi kan!