Finn inspirasjon til å lese ulik type litteratur! Sommarlesbingo er ein uhøgtidleg “konkurranse” for vaksne lånarar over 15 år.
Sunnfjord bibliotek har i fleire år hatt eit spennande tilbod til deg som vil ha ei leseutfordring. Kva med å lese ei bok med forfattar frå eit spesielt land, ei ungdomsbok eller ei faktabok med eit tema du elles ikkje hadde lese? Mange får augene opp for kor variert litteraturen er og finn stor glede i det!
- Fyll inn forfattar og tittel når du har lese boka.
- Du kan berre bruke ei bok ein gong.
- Du kan fylle ut rader loddrett, vassrett eller diagonalt.
- Om du er ein superlesar greier du kanskje å fylle ut alle rutene?
Leverer inn skjemaet og bli med i trekninga av fine premiar!
Skjema for Sommarlesbingo finn du på alle biblioteka i Sunnfjord kommune.