Kosedyr har laga utstilling!

Kosedyra i barneavdelinga på Førde bibliotek er veldig populære hjå dei yngste lånarane våre. No har dei bestemt seg for å lage ei lita utstilling med bøkene du kan finne dei i, slik at leseopplevinga blir endå meir spanande!

Møt kosedyra og kva dei har å seie om bøkene:

Fantorangen: Pek og les om veslebroren min Fantus

Eit raudt kosedyr sit bak ei bok med tittel "Fantus og verktøyene".

Fantorangen er storebror til Fantus, eit sjarmtroll som er ca. eitt år gammalt. I boka “Fantus og verktøyene” vil vesle Fantus byggje eit fuglehus. Han har ei verktøytavle der han har alt han treng til arbeidet. Fuglane følgjer spent med medan Fantus arbeider, og jammen vert det fint til slutt!

Bøkene om Fantus er peikebøker med få ord. Desse passar perfekt til høgtlesing og peking med dei aller minste. Om du vil lese fleire bøker om Fantus, finn du ei oversikt over kva vi har på biblioteket her.

Om du vil lese om storebroren Fantorangen, som er det raude kosedyret som sit bak boka, finn du ei oversikt her. Fantorangen-bøkene passar same målgruppe som Fantus-bøkene.

Ole Brumm og Tussi: Les høgt om oss!

Ole Brumm er ein snill bjørn med Berre Litt Forstand. Han og venene hans Tussi, Nasse Nøff, Tigergutt og vesle Ru bur i Hundremeterskogen der eventyrene finn stad. “Les for meg”-utgåva inneheld forteljingar om då Brumm gjekk på besøk, då Nøff møtte Heffalompen, og ikkje minst om då Tussi mista halen sin, og Brumm fant han!

Om du vil lese fleire bøker om Ole Brumm og venene frå Hundremeterskogen, kan du sjå kva vi har tilgjengeleg her.

Kubbe: Les ei morosam myldrebok

Bøkene om kubbe er morosame og lette å fortape seg i – både ved å sjå på dei fine myldreillustrasjonane, og ved å lese den spanande forteljinga. I “Kubbe lager spetakkel” skal vesle Kubbe byrje i korps og spele trompet. Og det er fint det, men han forstår ikkje opp og ned på noteheftet! Han bestemmer seg for å berre late som om han speler, og det går bra heilt fram til dirigenten får ein ide…

Kubbe gjer mykje morosamt og er veldig glad i å samle på ting. Om du vil lese meir om hans eventyr, kan du søke i bibliotekkatalogen vår her.