Har du lånt frå frø frå Frøbiblioteka og fått fine blomar og frø? Eller har du berre lyst å dele frø som du har kjøpt sjølv og har litt til overs? Då er det veldig kjekt om du puttar nokre frø i eit kaffifilter, konvolutt eller liknande, skriv på kva plante det er og gjerne andre opplysningar, og leverer dei på eitt av biblioteka i kommunen. Vil vil då få mange spennande frø som vi kan låne ut neste vår!
Alle biblioteka i Sunnfjord kommune har eit lite frøbibliotek. Du kan lese meir om dette via denne lenka.
Førde bibliotek planta nokre blomkarsefrø i dei nye pallekarmane til Nærmiljøhagen ved Prestebøen 8 i Førde. Frøa hadde gode kår og det bugna av blomar i sommar!
Pallekarmane hadde først eit lag papp, deretter kvist og greiner, så var det eit lag med saueull og til slutt jord. Det fungerte veldig bra!
Alle foto: Torunn Rygg/Førde bibliotek