Landslova – skulebesøk

Er det lov? Landslova 750 år – gamle og nye lover, i ord og teikning med Therese G. Eide.

Onsdag 30. oktober får 2. klasse på Sande og Naustdal skule besøk av Therese G. Eide, som lagar teikneseriar og illustrerer bøker. Saman med Therese reiser vi tilbake i tid i ord og teikningar. Therese teiknar og inviterer til samtale om Magnus og gamle og nye lover. Ho vil også fortelje litt om kva rolle Audun Hugleiksson hadde i lovskrivinga.

“For lenge, lenge sidan var det ein gut som heitte Magnus. Han vaks opp i kongsgarden i Bergen, og då den eldre broren døydde, vart han konge. Magnus Lagabøte var namnet han fekk i ettertida. «Lag» er eit gammalt ord for lov, og «bøte» tyder at han var med på å rette på gamle lover. I året 1274 vart Landslova vedteken som den første lova for heile Noreg, og i år markerer vi at det er 750 år sidan.”

Den store interessa for fortida har Therese med seg frå studium i historie og arkeologi og som omvisar ved Håkonshallen i Bergen. 

Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet. Jubileet i Vestland er eit samarbeid mellom: