Den 7.–13. oktober vert det både i Norge og mange andre land sett fokus på sensur og ytringsfridom, og retten til å kunne lese det ein vil. Dette har ikkje vore sjølvsagt for alle bøker opp gjennom åra. I Norge opplevde både Agnar Mykle med “Sangen om den røde rubin” og Jens Bjørneboe med “Uten en tråd”, at bøkene vakte forargelse og vart konfiskerte.
Litt merkeleg tykkjer vi kanskje det er at bøker vi i dag ser på som flott, klassisk barnelitteratur, også har vore sensurert i mange land. Bøkene om Ole Brum vart kritisert for å være blasfemiske (fordi dyra kan snakke). I 2017 vart det t.d. i Kina forbode å vise bilete av Ole Brumm ved sidan av bilete av Xi Jinping på sosiale plattformer.
På nettsida til Universitetet i Oslo kan du lese meir om kvifor enkelte bøker har blitt sensurert. Biblioteka har også mange av bøkene dersom du vil låne og lese meir sjølv.