Sande bibliotek har ein aktiv og kreativ onsdagsgjeng som er med på mykje gøy! Noko av det siste onsdagsgjengen har gjort, var å lage ei utstilling med julebøker. Bibliotekaren bidrog med plakat og stilte alt av bøker, effektar og fint stoff til disposisjon for dei kreative bibliotekbrukarane. Alle bøkene i utstillinga er til låns.
“Onsdagsgjengen” er ikkje ei fast gruppe med påmelding, men heller eit gratis, lågterskel tilbod på Sande bibliotek. Det blir flittig brukt av barna som blir tidleg ferdige på skulen. Bibliotekaren legg til rette for kreative og gøye aktivitetar som barna kan kose seg med medan dei ventar på andre fritidstilbod eller når dei treng ei pause frå leksene. Tilbodet er blitt ein viktig del av mange skulebarn sin kvardag på Sande, og det er vi veldig glade for!