Litteratur på andre språk

Dei aller fleste bøkene vi har på biblioteka våre er sjølvsagt på norsk. Vi har også litt bøker på engelsk, både for barn, ungdom og vaksne. På “Språkrommet” til Førde bibliotek kan du til dømes finne ulike språkkurs, ordbøker og gramatikk. Vi har også nokre bøker på tysk, fransk og spansk.

Det å kunne lese på morsmålet sitt er svært viktig. Biblioteka kan låne inn eit visst tal bøker frå Nasjonalbiblioteket. Det kan vere bøker på ukrainsk, polsk, somali, arabisk eller tigrinja. Har du lyst å lese noko på ditt eige språk? Ta kontakt med oss, så kan vi kanskje låne inn bøker til deg!

Det flerspråklige bibliotek

Det flerspråklige bibliotek har bøker på heile 70 språk! Det er bøker for både vaksne og barn. Vi på biblioteket kan bestille bestemte bøker til deg eller bokpakkar på språk du er interessert i. Ein bokpakke kan innhalde både vanlege bøker, lydbøker, filmar eller språkkurs. Det flerspråklige bibliotek (DFB) er eit kompetansesenter for fleirkulturelle bibliotektenester, rådgjevar for biblioteka i Noreg og ein del av Nasjonalbiblioteket.