Etter 3 år på Sande tek bibliotekaren Anna permisjon for å skape liv og røre andre stadar. Åra på Sande har vore lærerike og trivelege, ikkje minst på grunn av alle dei flotte menneska som brukar biblioteket!
Takk for kvar einaste lesestund, verkstad, forfattartreff, sogelagskveld og sykurs. Takk for onsdagsklubben, for faste lånarar, flotte kollegaer og for eldsjelar som gjer Sande til eit vekstsenter i kommunen. Anna håpar at dei fortset det gode samarbeidet med biblioteket!
Det kjem ein vikar utpå nyåret, og vi vil sjølvsagt halde dykk oppdatert så snart vi veit kven det blir. Anna er i kvart fall sikker på at det er mest synd på ho som forlet Sande, og ikkje på Sande-folket som får ein ny, flink bibliotekar i julegåve!
Hugs at Sande bibliotek vil vere ubemanna fram til måndag 6. januar. Du kan framleis kome deg inn ved hjelp av meirope kort.