Adoptert og forlatt

Adoptert og forlatt er ei sterk og rørande historie om Alexander Skadberg, barnevernsbarnet frå Colombia som blei adoptert til Norge to år gamal.

Alexander får store utfordringar å hanskast med: stamming, sinne, rasisme, rus og overgrep. Til slutt må adoptivforeldra gje opp og barnevernet overta ansvaret for guten i Norge.

Saman med forfattar og journalist Tove Lie har Alexander reist tilbake og tråkka opp att stien frå barndomen, både i Nord-Norge og Colombia. I håp om å finne røtene sine, kanskje finne “heim” og viss mogeleg: treffe nokon som hadde tenkt på han og sakna han i alle desse åra?

Møt dei 2 på Førde bibliotek og høyr forteljinga, måndag 3. februar kl. 19.00.

Gratis arr. Velkomen!
Med støtte frå Fritt ord.

Anmeldelse av boka – Aftenposten.