Sjølv om vi har maaange hyllemeter i biblioteka våre, så er det faktisk ikkje plass til alle bøker vi skulle ynskje å ha. Skal vi få inn nye bøker, så må nokre bøker, både gamle og litt nyare, dessverre gå ut.
I vinter har blant anna bibliotekaren på Skei gått gjennom samlinga si av skjønnlitteratur, både for ungdom og vaksne. Her var det mange godbitar som fortener eit vidare liv, og vi har no fått bøkene til Førde, der vi sel dei for 10 kr pr. bok. (50 kr for ein pose bøker). Veldig kjekt om dei kunne verte leste minst 1 gang til!
