Vil du hjelpe oss å bli betre?

Vi vil gjerne ha di meining om biblioteka i kommunen, for å kunne gje deg så gode tenester som mogeleg. Alle som er innom eitt av dei 6 biblioteka våre i perioden 27. januar til 23. februar kan delta i ei brukarundersøking. Dette kan du gjere ved å fylle ut eit skjema, som tek ca. 5-10 minutt. Uansett korleis du brukar biblioteket, om det er å lese aviser, låne barnebøker eller sitje på lesesal, ynskjer vi å vite korleis du opplever biblioteket.

Du kan velje om du vil svare på undersøkinga på biblioteket eller fylle ut på internett. Frist for å svare er 23. februar! Det er sjølvsagt heilt frivillig å delta, men vi oppfordrer likevel alle som får sjansen, til å svare på spørsmåla. Det vil vere svært nyttig for oss når vi skal utvikle og evaluere biblioteka våre for framtida.

Undersøkinga vert gjennomført med eit program via www.bedrekommune.no. Alle svar vert behandla anonymt.