Arrangementet Bunadstradisjonar lokka folk frå både Førde og Jølster til Sande bibliotek måndag 10. februar. Det var 50 stykk som høyrde Ann Lundekvam ta oss med på ei spennande reise i rekonstruering av bunadar i Sunnfjord. Ann Lundekvam har via store delar av livet sitt til å vidareføre bunadstradisjon og bunadshandverk, både gjennom arbeidet med å rekonstruere drakter og som kurshaldar. For denne innsatsen mottok ho 11. januar Kongens fortenestemedalje for sitt livslange virke som bunadstilverkar.
Frå Tanja Myklebust fekk vi høyre om Midtre Sunnfjord husflidlag si rolle i bunadsarbeidet, og Else Igelkjøn gav oss innsikt i korleis det er å vere ein tradisjonsbærar. Ho har gått i lære hjå Ann Lundekvam og held no kurs i bunadsskjortetilverking på fjerde året.
Arrangementet var eit samarbeid mellom Sande bibliotek og Midtre Sunnfjord husflidlag.

