Den internasjonale morsmålsdagen vert markert over heile verda. Språk er viktig for identiteten vår, kulturarv, utdanning og demokrati. Mange av dei 7000 ulike språka som vert brukt i verda i dag, står i fare for å forsvinne.
Dei aller fleste bøkene vi har på biblioteka våre er sjølvsagt på norsk, men på “Språkrommet” til Førde bibliotek kan du til dømes finne ulike språkkurs, ordbøker og grammatikk. Vi har også bøker på tysk, fransk og spansk. Alle biblioteka i Sunnfjord kommune kan låne inn bøker frå Nasjonalbiblioteket og ha dei nokre månader i slengen. Det kan vere bøker på ukrainsk, polsk, somali, arabisk eller tigrinja.
Har du lyst å lese noko på ditt eige språk? Ta kontakt med oss, så kan vi kanskje låne inn bøker til deg!
bibliotek@sunnfjord.kommune.no
Tlf. 57721909
Den internasjonale morsmålsdagen vart utropt under generalkonferansen til UNESCO november 1999 og generalforsamlinga i FN vedtok dagen gjennom ein resolusjon i 2002.

