Slit du med å kome i gang med lesinga? Kanskje kan du greie å lese 10 minutt kvar dag? Bli med på årets kjekkaste utfordring, Tid til ti.
Høyrest det lite ut, synest du? Neida! Akkurat som med all anna trening, er staheit og repetisjon den viktigaste nøkkelen til endring. Ti minutt samanhengande lesing om dagen gir hjernen eit rom for avkopling, konsentrasjon, læring og kreativitet som set spor. I tillegg vil du innarbeide lesinga som ein vane.
Ei mikrovane er ein enkel, men effektiv måte å leggje til rette for meir varige endringar, så neste gong du strekk deg etter mobilen for å slå i hel tid, gå heller for boka du har i lomma eller på nattbordet, og sei til deg sjølv: Nei, takk. No har eg jo tid til ti!
I løpet av året vil organisasjonar, forfattarar og andre litteraturfolk sørgje for å minne deg på dei gode forsetta, men vi treng òg di hjelp: Del utfordringa, og merk dine beste lesebilete med #tidtilti. Få med deg arbeidsplassen, ein ven eller framand på utfordringa, og heng på.
Saman tek vi tida tilbake!
Bak initiativet #tidtilti står Den norske Forfatterforening, saman med Leser søker bok, Foreningen !les, Bokhandlerforeningen, Norske Barne- og ungdomsbokforfattere, Forfattersentrum, Oversetterforeningen, Dramatikerforbundet, Forleggerforeningen og Litteraturhuset.
Gode lesetips frå biblioteket som kan passe til 10 minutt lesing!