Torkjell Djupedal i Selja Forlag har sidan 1996 gitt ut over 300 bøker med forankring på Vestlandet. Her finn du alt frå sakprosa, dikt og romanar til praktbøker, historie, biografiar og turbøker. Forlaget er kanskje mest kjent for turbøkene i OPPTUR-serien, men har også gitt ut eit rikt tal bøker innanfor lokalhistorie, kokebøker, reise- og kultur, kystkultur, kunst, biografiar og romanar og humorbøker. Nesten alle bøkene er på nynorsk og med vestlandsk profil. Mange er rikt illustrerte, mellom anna det store bokverket Historia om Førde, der siste bind kom ut før jul.
Torsdag kom Torkjell innom Førde bibliotek med ei flott gåve, og biblioteket har no eitt eller fleire eksemplar av omtrent alle bøkene som Selja har gjeve ut. Vi er svært takksame og imponert over alle dei spennande bøkene vi har fått, og som vi no kan tilby lånarane våre.
Du kan sjå kva bøker vi har på biblioteka via denne lenka.