Mission Zero. Kan vi redde verda, frå vesle Sunnfjord?

Temperaturen på jorda stig og klimamåla er mange, men er tiltaka våre gode nok? Kva gjer vi som innbyggarar og forbrukarar i det daglege som kan vere til hjelp? I veke 17 er berekraft på dagsorden på bibliotek rundt om i heile Norge!

Vi ynskjer velkomen til foredrag og debatt om ei berekraftig framtid i Sunnfjord kommune, med tema som:

  • Nærmiljøhage og berekraft
  • Renseanlegg med null utslepp
  • Ombrukssentral for materiale
  • Avfall og sortering

Kva er eigentleg Mission Zero-prosjektet på renseanlegget i Førde. Skal du verkeleg betale for å levere tekstilar til SUM?

Frå Sunnfjord miljøverk kjem:
Eivind Vae, miljørådgjevar

Frå Sunnfjord kommune kjem:
Magne Reidar Førde, einingsleiar/teknisk drift
Truls Hansen Folkestad, rådgjevar klima og miljø
Catrine Vagstad, rådgjevar folkehelse og plan

Anne-Mette Hjelle er programleiar og tek opp spørsmål til debatt.

Arr. er støtta av midlar frå “Grøderike Sunnfjord”, som er eit prosjekt innan berekraftig samfunnsutvikling med fokus på dyrking, miljø og gjenbruk.