Den 1. juni starta sommarles på alle biblioteka i Sunnfjord kommune. Konkurransen er åpen for born som byrjar i 1. klasse hausten 2025, til og med ungdom som går ut av 7. klasse våren 2025. Lag deg ein profil på sommarles.no og registrer kva du les, så kan du vinne kule premiar etterkvart som du går opp i level. Biblioteka i Sunnfjord deler ut premiar på level 10, level 20, level 30, level 40 og level 50.
Les også den spennande føljetongen som blir lagt ut på nettsida til Sommarles. Kvar veke heng vi opp eit kodeord på biblioteket, dette kan hjelpe deg til å få fleire poeng på sommarles.no.
Bli med og lag ein lesegledesommar!!
