Sommarlesbingo for vaksne!

Sommarlesbingo er ein uhøgtidlege lesekonkurranse for alle lesarar over 15 år, som vi i Sunnfjordbiblioteka arrangerer kvar sommar frå 01. juni til 31. august.

Alt du treng å gjere er å laste ned eit bingoark her eller hente eitt på biblioteket.
Deretter er det berre å kaste seg over bøkene, og fylle i så mange av kategoriane du klarer.
Når du er ferdig skriv du kontaktopplysningane dine og leverer det attende til biblioteket. Du kan og sende det til oss på e-post.

Så lenge du har fylt i minst ei rekke, anten loddrett, vassrett eller diagonalt, er du med i trekking av fine premiar!

Nedlasting Sommarlesbingo