Bibliotekets litteraturpris

Bibliotekets litteraturpris er folkebiblioteka sin eigen pris for framifrå norsk litteratur, og vert delt ut årleg til ei bok frå dei siste fem åra. Dei nominerte bøkene er plukka ut av tilsette på fleire bibliotek, og vi håpar at du som lesar er med å stemme fram vinnaren for 2025. Prisen løftar fram både skjønnlitteratur, sakprosa og lyrikk.

På lista for 2025 finn vi desse seks sterke kandidatane:

  • Aina Basso – Eg rissa desse runene
  • Kyrre Andreassen – Ikke mennesker jeg kan regne med
  • Pedro Carmona-Alvarez – Chiquitita
  • Anne Bitsch – Brorskapet
  • M. Seppola Simonsen – Hjerteskog // Syđänmettä
  • Vigdis Hjorth – Gjentakelsen

Fristen for å stemme er 26. september, og du gjer det ved å gå til nettsida: biblioteketslitteraturpris.no. Vinnaren vert kunngjort i oktober