Redd for å kjede deg i påska? Kom innom biblioteket og kjøp gamle tidsskrifter for berre 5 kroner stykke. Biblioteket sel tidsskrift som er 1-2 år gamle, men som framleis kan vere aktuelle for nokon. Vi har til dømes bladet I Form, Blikk, Illustrert vitenskap, Bil Autofil og National Geographic på engelsk. Kanskje noko å ha med seg på hytta i påskeferien?
Det er også mogeleg å kjøpe både nye bøker som biblioteket ikkje har plass til eller utgåtte/kasserte bøker.
Du kan betale med Vipps eller kort.
