Les du e-bøker eller høyrer på e-lydbok via BookBites? No er det ein ny app som erstattar BookBites, som heiter Biblio. Den ser litt anleis ut, men har alle dei same funksjonane som du kjenner frå BookBites. Du skal ha fått ei melding i BookBites som seier at du no kan laste ned Biblio-appen. Begge appene fungerer side om side ein periode, slik at alle får god tid til å laste ned Biblio.

Svar på spørsmål du måtte lure på:
Skal eg slette BookBites-brukaren før eg lastar ned og loggar inn i Biblio?
Nei, du skal ikkje slette BookBites-brukaren din før du lastar ned og loggar inn i Biblio. I BookBites kan du finne brukarnamnet ditt som du skal bruke når du loggar inn i Biblio. Når du loggar inn i Biblio, blir alle brukaropplysningar overført frå BookBites. Deretter kan du slette BookBites-brukaren din.
Må eg lage ny brukar?
Nei, dersom du allereie har ein brukar i BookBites, loggar du inn med same brukarnamn og passord i Biblio.
Kvar finn eg brukarnamnet og passordet mitt?
Brukarnamnet ditt er e-postadressa du oppretta brukaren med. Du finn brukarnamnet ditt under brukaren din i BookBites (Innstillingar → Personleg informasjon). Be eventuelt om nytt passord ved innlogging i Biblio. Hugs å sjekke søppelposten dersom du ikkje finn lenkja for å nullstille passordet!
Kvifor får eg ikkje opna bøker utan WiFi?
Sjekk om du har valt å laste ned berre på WiFi under Innstillingar → Preferansar.
Vil eg miste låna mine?
Nei, alt du har i BookBites no, finn du igjen i Biblio.
Vil eg miste reservasjonane, ønskjelista og oversikta over lese bøker?
Nei, alt du har i BookBites no, finn du igjen i Biblio.
Mistar eg streaks og lesestatistikken min?
Nei, alt du har i BookBites no, finn du igjen i Biblio.
Du kan lese meir på Biblio si nettside: Info.biblio.app.no
