Den uhøgtidlege lesekonkurransen vår, vinter- og sommarlesbingo, utfordrar lånarane våre til å lese litteratur som dei kanskje elles ikkje hadde turt å prøve. Som ein del av konkurransen ber vi også om tilbakemelding om det dei har lese.
Spørsmålet var: Kva bok likte du best av dei du las? Og kvifor?
Her er nokre av lesetipsa frå lånarane som var med på Vinterlesbingo 2026:
- Zahid, Sarah: Blodbank
“Korte, underfundige tekstar om sorg og kroppslege utslag. Intensitet i tekstane, men også humor. Spesiell skrivestil som appellerer til meg. Ei nydeleg bok!” - Seierstad, Åsne: Ufred
“Så mykje å lære og så mange spanande menneskemøte – og likevel så lettlesen.” - Pedersen, Erling: Høst
“Eg likte godt boka «Høst» av E. Pedersen. Det var ei tankevekkande bok om å nærme seg livets slutt og gli inn og ut av demens og minner, på vegen mot slutten.” - Kurdi, Tima: Gutten på stranden
“Gutten på stranden er ei viktig bok. Alle såg jo bilete av den drukna, lille båtflyktningen for nokre år sidan. I boka blir vi kjent med han og familien og grunnen til at eit folk risikerer livet i ein liten båt på Middelhavet. Anbefalast!” - Jansson, Tove: Sommerboken
Eg likar best «Sommerboken» av Tove Jansson, fordi den er ei stille bok om livet. Den kan lesast mange gonger, og får deg til å både le, gruble og gråte.
