Norsk som andrespråk – skrivekurs

Vil du møte andre som skriv og utvikle di stemme på norsk? Har du forteljingar eller erfaringar å dele, men treng råd og inspirasjon for å finne ei litterær stemme i det norske språket? Eller har du tekstar på morsmålet ditt som du ynskjer å få omsett til norsk? Tekstallianse og Jakob Sande – senter for forteljekunst inviterer til skriveverkstad for deg som har norsk som andrespråk.

Gjennom ei digital og to fysiske samlingar i Fjaler og Førde hausten 2026, møter du andre som skriv. Du får skriveråd og inspirasjon frå fleirspråklege forfattarar, rettleiing på tekstane frå redaktørar, og du får samarbeide med omsetjarar om tekstar på morsmålet ditt. Du blir også betre kjent med norsk litterær offentlegheit, og du blir introdusert for tidsskrift, forlag og støtteordningar for skrivande. 

Praktisk informasjon
For å delta må du sende ein kort søknad til anne@tekstallianse.org med nokre setningar om deg sjølv, og kva du ynskjer å få ut av kurset. Skriverkstaden er gratis. Deltakarane får dekka måltid, reise og overnatting ved behov. Talet på plassar er avgrensa. 

Kurset er både for deg som skriv skjønnlitterært og kreativt, og for deg som skriv sakprosa, journalistikk eller meiningsytringar. Du treng ikkje å ha publisert tekstar før, men du må vere interessert i å skrive. Samtalane vil gå føre seg på norsk. Du er velkomen også om du er nybyrjar på norsk og vi tilpassar kurset til ulike språkferdigheiter.

Heile utlysingsteksten finn du på nettsida til Jakob Sande – senter for forteljekunst.