Lesetips frå “Litterære glimt”

På siste arrangementet “Litterære glimt – litteratur, te og tankar” på Førde bibliotek var temaet “Kva om?” Eit stort tema, som forfattarar utforskar på ulike måtar. Spørsmål som alle kanskje stiller seg frå tid til annan: Korleis hadde livet blitt om eg hadde valt annleis den gangen? Ting vi angrar på? Hadde livet blitt det same uansett (skjebnebestemt)? I litteraturen viser t.d. forfattarane ulike livsløp i same romanen eller fokuserer på eitt val i fortida som fekk store konsekvensar. Med utgangspunkt i romanane “Midnattsbiblioteket” av Matt Haig og “Noe tapt og noe vunnet” av Tara Westover vart det ein fin samtale rundt bordet.

Andre lesetips:
4 3 2 1 – Paul Auster
Liv etter liv – Kate Atkinson
Adolf H’s to liv – Eric-Emmanuel Schmitt
En mann ved navn Ove – Fredrik Backman
Max, Mischa og tetoffensiven – John Harstad