Sunnfjord bibliotek opplever for tida ein krevjande personalsituasjon som gjer at vi må tilpasse tilbodet vårt i ein periode.
Sande bibliotek held fram som meirope bibliotek, slik at innbyggjarane framleis har god tilgang til biblioteket utan bemanna opningstid. Ved Skei bibliotek vil det bli stengt i ein periode, medan Førde bibliotek vil ha noko varierande opningstider frå veke til veke. Oppdatert informasjon om opningstidene blir publisert fortløpande på nettsidene våre og i sosiale medium.
Bakgrunnen for dei mellombelse endringane er at Sunnfjord kommune står midt i ein prosess knytt til innsparing og mogleg nedbemanning i prosjektet «Berekraftige samfunnstenester 2028». Biblioteket har i denne perioden redusert bemanning og må derfor prioritere dei ressursane vi har til rådvelde. Meir informasjon om saka finn de på kommunen sine nettsider.
Vi beklagar dei ulempene dette kan medføre for brukarane våre, og håpar på forståing i ein periode der framtidig organisering og bemanning framleis er til vurdering. Målet vårt er å oppretthalde eit best mogleg bibliotektilbod for innbyggjarane i heile kommunen innanfor dei rammene vi har.
Vi oppmodar alle brukarar om å halde seg oppdaterte på nettsidene til Sunnfjord bibliotek for gjeldande opningstider og informasjon om tenestene våre.
For meir informasjon: Sunnfjord bibliotek – opningstider.
