Vinterlesbingo-premiering!

Vår populære vinterlesbingo for vaksne lånarar hadde innleveringsfrist 31. mars. Vi fekk inn mange skjema, og det er spennande bøker deltakarane har lese. Vi kjem tilbake med lesetips seinare. Dagen før vi tok påskeferie var det høgtideleg trekning på Førde bibliotek, der Mari Østensen trekte ut 3 vinnarar som mellom anna får bok og sjokolade:

  • Ingvild H. Bjørnson
  • Ann Kristin Furre Lunde
  • Svanhild Oppedal

Alle deltakarane som leverte inn skjema har i år fått eit nydeleg, hekla bokmerke frå Hege Leivestad. Ho overraska oss med denne flotte gåva, som det er kjekt å kunne levere ut til dykk! Premiane og bokmerka kan hentast på Førde bibliotek.

Det vert ny bingo om ikkje lenge. Sommarles-bingoen startar opp 1. juni og du kan lese og føre inn bøker heilt til 31. august. Vi håpar du vert med!