Forfattarmøte med Janne Stigen Drangsholt

Dato

Tid

Stad

Førde bibliotek

Ingrid Winter og arven frå Austen – Fornuft og følelser i litteraturen 

Kven er Ingrid Winter – og kvifor kjenner vi oss så godt igjen i ho?
Forfattar Janne Drangsholt har skapt ein fantastisk romanfigur, Ingrid Winter, som på humoristisk og alvorleg vis navigerer mellom jobb, familieliv og forventningar til ei moderne kvinne.

I denne samtalen mellom Drangsholt og Jorun Systad, blir vi betre kjend med forfattaren, og ser nærare på korleis karakteren Ingrid Winter spelar vidare på ei lang litterær tradisjon – frå Jane Austens skarpe observasjonar av kvinneliv i England på 1800-talet, til dagens komplekse kvinneportrett. Samtalen tek for seg tema som fornuft og følelser, ideal og identitet – og korleis desse kjem til uttrykk i litteraturen frå Austen til vår tid.

Arr. i samarbeid med Førdefestivalen. Gratis inngang – enkel servering.

Forfattarmøte er eitt av fleire, der Førde bibliotek i år markerer at det er 250 år sidan Jane Austen vart fødd. Bøkene finn stadig vegen til nye lesarar og er også interessante i dag.
Med støtte frå Fritt ord.