Bibliogames – Minecraft byggekonkurranse

Har du ein ungdom som likar å spele Minecraft? I konkurransen representerer spelaren eit bibliotek (eitt av våre bibliotek då, håpar vi 🙂 ) og så sit spelaren heime på eigen PC, Mac, nettbrett eller telefon, og skapar dei flottaste byggverk. Tema for byggekonkurransen i år er: EVENTYR  Alder: 0-18 år.

Bibliobattles er ei nasjonal spelturnering som både er lavterskel og inkluderande. Turneringa startar måndag 10. november og er ferdig fredag 14. november. Serveren er open 4 timar på ettermiddagen, frå kl. 17.00 til 21.00. Det vert ei direktesending kvar dag der arrangørane går gjennom byggverka, og søndag er det finalesending med kåring av det beste byggverket.

Bibliobattles vert arrangert av Bibliogames, ein frivillig organisasjon som jobbar for spelkultur gjennom folkebiblioteka.

På nettsida til Bibliobattles 2025 finn du reglar for spelet og korleis ein vert med i konkurransen. Der er det også informasjon til føresette.

Tvi, tvi med konkurransen!!