Det var bra deltaking frå biblioteka i Sunnfjord kommune i Bibliobattles 2025! Ein byggekonkurranse der deltakarane sat heime med eigen pc eller nettbrett. I løpet av 4 dagar laga dei byggverk som i år hadde tema “Eventyr”.
Førde bibliotek – 8 brukarar
Sande bibliotek – 5 brukarar
Vassenden bibliotek – 4 brukarar
Skei bibliotek – 1 brukar
Naustdal bibliotek 1 brukar
Det var veldig mange fine bygg frå heile landet, og dei nasjonale vinnarane vart A1_4, FlameCrow, Battleananas og Pozzy123 frå Gran bibliotek i Innlandet! Dei bygde skipet “Thousand Sunny”, frå mangaen One Piece, og dommarane tykte dei brukt tomta si på ein god måte. Bygget var stort, og trass i størrelsen var det også godt detaljert og utsmykka.
Vi håpar barn og vaksne kosa seg med konkurransen!


