Med hjarte for andre: Humanitært hjelpearbeid
Kva driv menneske til å reise ut på humanitære oppdrag – og kva sit dei igjen med når dei kjem heim?
Stortingsrepresentant og tidlegare lege ved Førde sentralsjukehus Marius Dalin og høgskulelektor Isabel Hawkins møtest til ein open og engasjerande samtale om eigne erfaringar frå humanitært arbeid. Begge har arbeidd i nokre av verdas mest krevjande område – Hawkins i Sierra Leone og Madagaskar, Dalin i Sør-Sudan.
I denne modererte samtalen deler dei historier, utfordringar og refleksjonar frå oppdraga sine – om fagleg ansvar, menneskemøte og kva det faktisk inneber å jobbe internasjonalt i krisesituasjonar. Samtalen tek også opp kva som skal til for å reise ut, og kvifor fleire kan og bør vurdere humanitært arbeid som ein del av yrkeslivet.
Anna Sambor vil leie samtalen.
Førde bibliotek (Førdehuset): kl. 18.00– 19.00 (gratis og ope for alle)
Arrangementet er eit samarbeid mellom HVL, Campus Førde og Førde bibliotek.
(Arr. vert også gjennomført på Campus Førde, kl. 14.00–15.00 for studentar og tilsette ved HVL og Helse Førde)

