På Vassenden bibliotek er det “hurra-stemning” for tida: der har vi fått på plass berenettsbibliotek, i samarbeid med Langhaugane barnehage. Totalt er 17 berenett utplassert i barnehagen, og kvart nett inneheld fire bøker.
Dette er eit lågterskeltilbod for barnefamiliar der dei kan låne med seg eit berenett med høgtlesingsbøker heim frå barnehagen, og levere på same stad. Vi håpar det vil vere eit godt bidrag til mange kjekke lesestunder for barn og vaksne!

