Påskeeggjakt

Bli med på ei kjekk påskeutfordring for alle barn! Vi har gøymt 5 fargerike påskeegg rundt omkring i biblioteket. I kvart egg ligg eit lite spørsmål – det kan handle om barnebøker, forfattarar eller noko artig om påska.

Slik deltek du:

  • Finn eit egg!
  • Opne egget og les spørsmålet.
  • Skriv svaret ditt på ein lapp (du finn lappar og blyantar ved skranken eller ved postkassa).
  • Lever lappen til bibliotekaren eller legg han i postkassa merka “Påskeeggjakta”.

Når du har svart på alle fem spørsmåla, er du med i trekninga av ein liten bokpremie! Vinnaren blir trekt etter påske, og vi annonserer det på biblioteket.
NB! Påskeeggjakta vert avslutta onsdag 1. april kl. 12.00.

Lukke til – og god eggjakt!