På Førde bibliotek har vi etter nyttår invitert til “Litterære glimt” 2 gonger i månaden. Frå kl. 13-14 har bibliotekarane presentert ulike typar litteratur, vi har drukke te og hatt samtale om temaet i bøkene, delt lesetips og hatt fine samtalar.
Tysdag 7. april var temaet skjønnlitteratur der det å vere i arbeid, eller ev. ikkje vere i arbeid var problematisert. Har vi t.d. ein arbeiderklasse i dag? Kva vil det seie å vere utan lønna arbeid?Bente Lund las utdrag frå fleire romanar, og ho har anbefalt 10 bøker som du finn på biblioteka.
Du finn også gode tips på nrk.no. (Moderne og klassisk arbeidarlitteratur)

