Føredrag og workshop med Norec og Spire
Frå Førde til verda: Kva gjer Norec for global berekraft?
Frå utsida kan Norec sjå ut som eit kontor fylt av kjedelege byråkratar – men bak dørene skjer det mykje spennande. I samband med Berekraftsveka inviterer vi deg til ein kveld der du får eit innblikk i kva Norec er, og korleis det internasjonale arbeidet for berekraft faktisk heng saman med kvardagen her i Førde.
Denne kvelden møter du også Spire, ein av partnarane til Norec, som mellom anna jobbar i Malawi. Spire vil ta deg med i ein kort og engasjerande mini‑workshop som gir innsikt i utfordringar i det globale sør – og korleis vi her heime kan bidra til ei meir berekraftig verd.
Kom på Førde bibliotek måndag 20. april kl. 19-20.30 Gratis arrangement med enkel servering.
Kom gjerne allereie kl. 18.00 og delta på samtaletime med Töddel og Fridtjov Urdal i utstillingssalen. Her får du og sjå prosjektutstillinga “Heimkomst”.
