Vi har ein vinnar!

Årets vinterlesbingo er over, og vi har no kåra 3 heldige vinnarar blant til saman 37 deltakarar. Denne gongen har vi brukt eit digitalt lykkehjul for å gjere trekninga raskare og sikrare.

Dei heldige vinnarane av Vinterlesbingo er:
1. premie: Jorunn Kleppe
2. premie: Ann Kristin Furre Lunde
3. premie: Solveig Helene Warvik Geithus
Vi gratulerer vinnarane så mykje!

Alle som deltok kan få eit lite, hekla bokmerke om dei kjem innom Førde bibliotek. (Gje beskjed om du vil ha det tilsendt til DITT bibliotek),

Dette året har vi hatt eit flott samarbeid med Førde vgs og HVL-biblioteket i Førde for å sikre bra variasjon i rutene og i premiene. Sjekk ut dei fine, 3d-printa lesestatuettane vinnarane får i år!

Av dei 37 deltakarane i år var absolutt flest kvinner, men det var også nokre få leseglade menn. Den ruta som var mest vanskeleg å få fylt har vore “ei bok av ein polsk forfattar”. Vi tek dette som eit teikn på at vi treng fleire omsetjingar av polsk litteratur, og tipsar om verka til nobelprisvinnaren Olga Tokarczuk og Solstad-inspirasjonen Witold Gombrowicz medan vi ventar på fleire omsette verk.

Bingo-teamet har opplevd samarbeidet som godt og vil gjerne invitere alle igjen som bingolesarar i juni.”

Bildet viser premiar i Vinterlesbingo 2026.