Folkeverkstad
Folkeverkstadane på Førdehuset er opne verkstader der folk i alle aldrar kan utforske handverk, skaparglede og kreativ utfalding i fellesskap med andre. No har vi tre ulike folkeverkstader som gir rom for både læring, prøving og samskaping:
- Folkeverkstad – tekstil
- Folkeverkstad – tre
- Folkeverkstad – keramikk
Folkeverkstadane er eit samarbeid mellom Sunnfjord kulturskule, Sunnfjord bibliotek og Førdehuset, og byggjer på eit felles ønskje om å styrkje handverkskompetanse, kreativitet og fellesskap i lokalsamfunnet.
I drifta av folkeverkstadane har vi òg eit godt og viktig samarbeid med frivillige lag og organisasjonar. Mellom anna bidreg Midtre Sunnfjord husflidslag, Naturvernforbundet og Kunstnarsenteret med kompetanse, engasjement og fagleg innhald knytt til aktivitetar. Desse samarbeida vil være med på å sikre breidde, kvalitet og lokal forankring i verkstadtilbodet.
Prosjektet er finansiert og gjort mogleg gjennom midlar frå Håndverksløftet, eit nasjonalt prosjekt som skal løfte fram tradisjonelt og moderne handverk, og gi fleire tilgang til skapande aktivitetar.
Praktisk informasjon og booking
Alle folkeverkstadane vert booka gjennom Aktiv kommune. Der finn du oppdatert oversikt over tidspunkt, innhald og ledige plassar.
NB!! Skal ein nytte verkstadane utanom organisert kurs / aktivitet må ein dokumentere kompetanse på bruk av maskiner og utstyr i verkstaden.
Folkeverkstadane er lågterskeltilbod, og det vil bli mange spennande kurs og aktivitetar framover.
Meir informasjon kjem!
