Bingo – leseutfordring for vaksne

Biblioteka er klar med Sommarlesbingo 2026. Tek du utfordringa?

Sommarlesbingo er ein uhøgtidleg “konkurranse” for vaksne lånarar over 15 år. Vi ynskjer å inspirere unge og vaksne til å bruke sommaren til å lese mange gode bøker. For å delta må ein ha fylt, eller fylle, 15 år i 2026.

Her er mange spennande kategoriar, og kanskje greier du å fylle heile bingoarket i løpet av sommaren? Dess fleire ruter du har fyllt ut, dess større sjanse for å vinne fine premiar. Treng du lesetips er bibliotekarane klare til å hjelpe deg. Skjema kan du enten laste ned og skrive ut sjølv eller så finn du dei på alle biblioteka i Sunnfjord kommune.


Sommarlesbingo er eit samarbeid mellom Sunnfjord bibliotek, Førde vidaregåande skule og Høgskulen på Vestlandet, Campus Førde. Du finn skjema også på desse biblioteka.


Håpar du får ein fin sommar med gode leseopplevingar!

Innleveringsfrist er 1. september.