Den lange vandringa – Benedicte Maurseth, Olav Strand og Håvard Klyve Harr
Kvifor har menneskeslekta gått sigrande ut av det evolusjonære kappløpet? Klarer vi å bruke den store hjernen vår godt nok til å overleve også i framtida?
-Det nærmar seg “eksamenstid” for menneskeslekta, forklarar seniorforskar Olav Strand ved Norsk Institutt for Naturforskning i samband med at han møter musikar Benedicte Maurseth og historikar Håvard Klyve Parr til samtale på Førde bibliotek under Førdefestivalen.
Samtalen er ei førebuing til den litterære konserten «Folkemusikken og forteljingane». Både samtalen og konserten tek utgangspunkt i boka «Den lange vandringen – Rein og mennesker gjennom 500 000 år.»
Vandrande rein har helde tre ulike menneskeartar i live gjennom krevjande klimaendringar. Eit titalls gongar har kulde og isbrear presse menneska saman i små istidsfugiar og kvar gong blei reinen råvara dei kunne leve av og overleve på i lyset frå flammande bål.
-No har vi utsett den neste istida med kanskje så mykje som hundre tusen år, forklarar naturforskaren. I mellomtida er situasjonen snudd på hovudet. Skal villreinen overleve, kjem det an på oss menneske. Det same gjeld for vår eiga mulegheit til å overleve som art. Det kjem an på oss.
Programmet er i regi av Rom for ord i samarbeid med Førde bibliotek og Førdefestivalen.
