Drop-in datahjelp

Dato

Tid

Stad

Førde bibliotek

Er det vanskeleg å logge seg inn på helsenorge.no, ha dialog med Sunnfjord kommune, NAV, kjøpe billettar eller finne informasjon frå Skatteetaten?
Kvar torsdag utover hausten, kan du få hjelp av 2 rettleiarar. Du kan få éin-til-éin hjelp om bruk av smarttelefon, nettbrett eller datamaskin. Dette er eit gratis tilbod frå kommunen.

Ta kontakt med biblioteket om du har spørsmål eller om det er noko vi bør finne ut av før du kjem:
Tlf. 57721909
E-post: bibliotek@sunnfjord.kommune.no

Du kan til dømes få hjelp til å:

  • finne informasjon på nettet
  • bruke appar på mobilen og nettbrett
  • kjøpe bussbillett
  • Vipps
  • QR-kodar
  • bestille time hos fastlegen
  • bruke BankID
  • få hjelp med e-post og utskrifter

Ta med mobilen og/eller nettbrettet ditt. Ingen spørsmål er “dumme” og vi tykkjer det er kjekt om vi kan hjelpe deg!

VIKTIG: Del aldri kodar og passord med andre – heller ikkje med rettleiarar i datahjelpa.