Litterære glimt – litteratur, te og tankar

Dato

Tid

Stad

Førde bibliotek

På Førde bibliotek inviterer vi til eit hyggeleg og sosialt treffpunkt annankvar tysdag denne hausten. Kanskje du kan oppdage noko nytt og inspirerande innan litteraturen eller dele tankar om noko du sjølv har lese? Te/kaffi og noko lite å bite i høyrer med! Denne gangen skal vi stille det store spørsmålet; “Kva om?” – korleis utforskar forfattararar/litteraturen ulike val vi tek i livet.

Har du litt ledig tid midt på dagen? Tysdag 8. september kl. 13-14.

  • kort litteraturformidling frå biblioteket
  • enkel samtale rundt teksten (heilt frivillig!)
  • gratis te og noko lite å bite i
  • tips til vidare lesing – lån gjerne med ei bok heim
  • ingen påmelding
  • berre litteratur, te, samvær og ei opa dør

Velkomen!