Frå dødsangst til livslyst

Dato

Tid

Stad

Førde bibliotek

Korleis er det å leve med sterk angst, og finne vegen tilbake til livsglede og håp?

Connie Nybø deler si personlege historie om utfordringar, meistring og vegen frå dødsangst til livslyst. Med openheit fortel ho om erfaringar som mange kan kjenne seg att i.

Etter foredraget blir det høve til å stille spørsmål. Psykologispesialist Ann Kristin Vasstrand Lindseth deltek og svarer saman med foredragshaldar.

Arrangementet er gratis og ope for alle!

Foredraget blir arrangert av psykiatrisk klinikk i Helse Førde, i samarbeid med psykisk helse og rus i Sunnfjord og Kinn kommune, LPP og Førde bibliotek.

Velkomne!