Bornas verdsdag på Førdehuset
Kvart år i november arrangerer Førdefestivalen ein familiedag med gratis mini-verkstadar i musikk, dans og song, i tillegg til gratis aktivitetar og den internasjonale kafeen Fargerike Førde. Verkstadane vert leia av profesjonelle instruktørar og representerer mange ulike kulturar. Born i alle aldrar skal få prøve seg på folkedans, fele, marimba, perkusjon, lære nye songar og songdansar eller høyre eventyr.
PROGRAM:
10.30-14.30 Verkstadar og aktivitetar
14.30 Familieframsyning
Gratis og ope for alle!
Velkommen til ein dag full av opplevingar, rytmar og smil 
NB! Frå kl. 10.00 kan du hente ut “billettar” til dei to første verkstadane (alle verkstadar er gratis).
“Billettane” til verkstad 3 og 4 vil bli sleppte når verkstad to har starta.
“Billettane” til verkstad 3 og 4 vil bli sleppte når verkstad to har starta.
