Bibliobattles 2026 – JAPAN

Kva bibliotek har dei beste byggarane i spelet Mincraft? Det er klart for konkurranse i Bibliobattles 2026, der temaet i år er JAPAN!

Serveradresse: Battles.no
Tidsrom: Måndag 16. nov. – Fredag 20. nov. kl. 17:00 – 21:00 kvar dag.
Alder: 0-18 år.

Det er direktesendingar kvar dag på you.tube kl. 18.30.
Søndag 22. november er det finalesending kl. 16.00!

I konkurransen representerer spelaren eit bibliotek (eitt av våre bibliotek då, håpar vi!) og så sit spelaren heime på eigen PC, Mac, nettbrett eller telefon, og skapar dei flottaste byggverk.
Temaet i år er Japan! Då kan du til dømes bruke inspirasjon frå japanske spel, teikneseriar eller anime, eller bygge japanske kirsebærtre eller mat. Her er det berre å vere kreativ!

Bibliobattles vert arrangert av Bibliogames, ein frivillig organisasjon som jobbar for spelkultur gjennom folkebiblioteka. På nettsida til Bibliobattles 2026 finn du reglar for spelet og korleis ein vert med i konkurransen. Der er det også informasjon til føresette.

Tvi, tvi med konkurransen!!