Sogekveld på biblioteket
Velkomen til sogekveld på biblioteket; med presentasjon av spennande lokalhistorie, sal av sogeblad og historieskrift, smak av julekaker og gløgg.
Årbøker, sogeblad, sogehefte, historieskrift – kjært barn har mange namn. I Sunnfjord kommune er vi så heldige å ha mange lokalhistoriske utgjevingar. Dei vert stort sett publisert på seinhausten og er populært lesestoff i førjulstida. I heile kommunen er det engasjerte personar som leitar i arkiv, studerer bilete, intervjuar folk og skriv om nær- og eldre fortid. Tema i hefta varierer; det kan vere om einskildpersonar, tradisjonar, spesielle hendingar, utvandring eller krigshistorie.
Arr. er eit samarbeid mellom: Førde historielag, Gaular sogelag, Naustdal sogelag, Jølster sogelag, Førde mållag, Jølster mållag, Sogn og Fjordane ungdomslag og Sunnfjord museum.

