Torsdag 12. november var det offisiell opning av det nye biblioteket og ungdomsklubben på Viksdalen. Over 50 viksdøler i alle aldrar møtte fram til opninga. Det vart ei flott markering med kake frå Nærmiljørådet, snorklipp og tale ved kommunalsjef Anita Nordheim.
Det var også helsingar frå samarbeidspartnarar og ikkje minst underhaldning av ungdom frå Viksdalen. 4H-koret Flink med Liva, Ane, Lina og Sigrid, i tillegg til Ken Thomas på gitar gav god stemning på opningsfesten.

Biblioteket og ungdomsklubben skal være er ein felles møteplass i Viksdalen for å samle generasjonar, skuleelevar, ungdom og innbyggjarar i alle aldrar. Det nye Viksdalen bibliotek er no blitt eit kombinasjonsbibliotek der bibliotek, grunnskule og ungdomsklubb er samla under same tak. Dette er både framtidsretta og klok ressursbruk.
Prosjektet hadde ikkje vore mogleg utan den store dugnadsinnsatsen som er lagd ned lokalt. Ei varm takk til Viksdalen Nærmiljøråd, Viksdalen ungdomsklubb og alle frivillige som har bidrege med tid, engasjement og ikkje minst investeringar til innreiing og utstyr. De har vist kva som er mogleg når ei bygd står saman om eit felles mål.
Viksdalen er eitt av tre nye skulebibliotek som er utvikla i Sunnfjord kommune dette året, og det viser ein vilje til å satse på lesing, læring og gode møteplassar for barn og unge.
Boksamlinga er kanskje halvert, men verdien av biblioteket er ikkje blitt mindre. Tvert imot. Dette skal framleis vere eit bibliotek for alle, frå dei aller yngste til dei aller eldste, frå 0 til 100 år. Her skal ein kunne låne bøker, finne kunnskap, møtast, lære, skape og høyre til.
Bibliotek handlar ikkje berre om bøker. Bibliotek handlar om fellesskap, inkludering og moglegheiter. Det handlar om å gi alle innbyggjarar tilgang til kultur, kunnskap og opplevingar.
Takk også til dei tilsette som har vore med på å utvikle tilbodet frå både Førde og Sande bibliotek. Det viktig at lokala fungerer godt både for brukarar og tilsette. Trivsel skaper aktivitet, aktivitet skaper møte, og møte skaper lokalsamfunn.
Sjølv om boksamlinga no er blitt mindre, er ambisjonane større. Biblioteket skal framleis vere eit bibliotek for alle, frå 0 til 100 år. Det er ikkje talet på bøker åleine som avgjer verdien av eit bibliotek, men korleis biblioteket blir brukt, opplevd og fylt med liv.
Vi håpar dette blir ein stad der born oppdagar lesegleda, ungdom finn fellesskap, vaksne møter kvarandre, og eldre kjenner seg velkomne. Kort sagt: eit hus som bind bygda saman.
Gratulerer til Viksdalen med ein møteplass for framtida. Takk for hjelpa til alle som har gjort dette mogleg.



