Olaug Nilssen – Uønska åtferd

Dato

Tid

Stad

Førde bibliotek

Olaug Nilssen har ei sterk stemme i samtidslitteraturen. Ho har gjennom forfattarskapet tatt opp viktige og gjerne tabubelagte tema, men har ein raus og humoristisk måte å skrive på. I den siste boka, Uønska åtferd, problematiserer ho kor krevjande det er å ta vare på alle i familien, når ein har eit barn som treng alt fokus.

“Katrine er gift med Gunnar, saman har dei barna Jostein og Janne. Sonen er psykisk utviklingshemma, og familielivet er fullstendig dominert av omsorgsbehovet hans. Dottera er oversett, men også utsett, då Jostein kjem i puberteten og utagerer seksuelt”.

På Førde bibliotek vert det samtale mellom Olaug Nilssen og Jorun Systad, torsdag 31. oktober kl. 19.00.
NB! Gratisbillettar via Førdehuset.no. Velkomen!