Adoptert og forlatt
Adoptert og forlatt er ei sterk og rørande historie om Alexander Skadberg, barnevernsbarnet frå Colombia som blei adoptert til Norge to år gamal. Alexander får store utfordringar å hanskast med: stamming, sinne, rasisme, rus og overgrep. Til slutt må adoptivforeldra gje han opp og barnevernet overta ansvaret for guten i Norge.
Saman med forfattar og journalist Tove Lie har Alexander reist tilbake og tråkka opp att stien frå barndomen, både i Nord-Norge og Colombia. I håp om å finne røtene sine, kanskje finne “heim” og viss mogeleg: treffe nokon som hadde tenkt på han og sakna han i alle desse åra?
Møt dei 2 på Førde bibliotek og høyr forteljinga, måndag 3. februar kl. 19.00.
Gratis arr.
Med støtte frå Fritt ord.
Anmeldelse av boka i Aftenposten.