Amerikastemning i Førdehuset

Dato

Tid

Stad

Førdehuset
Laurdag 6. september er det markering av at utvandringa til Amerika har 200-årsjubileum. Dei første utvandra for 200 år sidan, men også i nyare tid har mange flytta til Amerika og nokre har flytta tilbake og tatt med seg skikkar og amerikansk kultur.

Den spreke gjengen i Førde linedance Klubb vil ha ei framsyning på plassen utanfor Førdehuset kl. 17.00. Du får også sjå amerikanske bilar i kortesje gjennom gatene, og ved Førdehuset stoppar dei framfor inngangen der du får informasjon om kvar enkelt bil v/Sunnfjord Veteranvogn Klubb. 

Velkomen til å sjå dans etter fengande countrymusikk  og få høyre fakta om dei ulike bilane frå før 1920 – 1950-60 talet.

Rett i etterkant av desse programpostane byrjar den flotte festforestillinga til Fjellkoret.

Heile programmet for helga:

Fredag 5. sept.
Kl. 19.00 Kino Førde: På høge hæler i Amerika. Lisjesalen. Billettsal på fordehuset.no 
Ein kritikerrost dokumentar; Kvifor drog så mange unge norske kvinner til New York etter 2. verdskrigen?

Laurdag 6. september
Kl. 12.00 Utstilling og foredrag, Sunnfjord Museum/Movika
Migrasjonsminner med Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie

Utstillinga “Spelemenn og sognekjerringar: underhalding i det norske Amerika”, kan du sjå på museet fram til 17. oktober.

Kl. 14.00 Markering av utstillinga “Sunnfjordingar som drog”, Peisestova, Førdehuset
Utstillinga viser bilete, brev og julekort som vart sendt mellom Amerika og “Gamlelandet”.
Ulike utvandringshistorier frå Jølster, Gaular og Naustdal
Musikkinnslag, forfriskningar

Kl. 15.00 Foredrag – Utvandringa frå Sunnfjord, v/Yngve Nedrebø, historikar og statsarkivar, Teatersalen, Førdehuset

Kl. 17.00 Linedance og kortesje av amerikanske bilar, Førdehuset

Kl. 18.00 “Det løfterike landet”, forestilling med Fjellkoret, Storsalen.
NB! Billettsal på fordehuset.no.

Søndag 7. september
Kl. 18.30 Kino Førde: På høge hæler i Amerika. Lisjesalen. Billettsal på fordehuset.no 
Ein kritikerrost dokumentar; Kvifor drog så mange unge norske kvinner til New York etter 2. verdskrigen?