Lær å bestemme ulike artar i artsdatabanken
Artsklubben i Sunnfjord inviterer til artskveld på biblioteket i Førde. Her kan du få ei innføring i å registrere artar på Artsobservasjoner.no, og lære deg korleis gå fram for å artsbestemme ein art du har funne. Ta med deg ein plante, mose, eller anna spennande. Du kan ta med den fysisk – om du har bevart den – eller ta gode bilder (frå alle kantar).
(NB! det er snakk om arter som veks i skog og mark (planter), ikkje ta med store gjenstander på kvelden).
Du må ha med eigen PC og/eller mobiltelefon/nettbrett, og om du ikkje er registrert som brukar på Artsobservasjoner kan du gjere det på forhånd.
Det gjer du her: https://login.artsobservasjoner.no/account/register
Program:
- Kjapp innføring i å registrere artar via artsobservasjoner (hovedsakleg mobilversjonen). Moglegheit for hjelp utover kvelden til dette.
- Vi ser på artar vi har funne – og prøver å artsbestemme
– Korleis artsbestemme? Innføring i hjelpemidlar vi har tilgjengeleg: artsorakel app, flora bøker, nettsider, facebook grupper osv.
– Innføring i nøkling – korleis nøkleKva er Artsklubben? Les meir her: https://naturvernforbundet.no/…/artsklubben-i-sunnfjord/
